Forretningsutvikling


Forretningsutvikling handler på mange måtar om å sjå mulegheiter og innovasjon. Det handlar om strategi, teknologi og kunnskap. Mange verksemder har trong for støtte til utvikling av forretningsmodell. Det kan vera prosessar knytt til strategi, marknad, teknologi og organisasjonsutvikling. På mange måtar er dette ei utvida leiarstøtte då mange bedriftseigarar og daglege leiarar har avgrensa kapasitet og kompetanse på ulike område.

Vi i evoSpor fylgjer organisasjonen frå A til Å når det gjeld bistand til organisasjonsutvikling. Vi er med som guider og sparringspartnarar for å bidra med kunnskap kring dei ulike utfordringane. Døme på dette er spenningsforholdet mellom teknologi og drift, innovasjonskultur og/eller læring i verksemda.

Smart

Vi i evoSpor bistår med å få bedrifta til å tenkje heilskap og innovasjon på ein smart og kostnadseffektiv måte.

 
 
datamaskin.jpg