Prosjekt


Vi likar endring. Vi er gode på endring.

Dagens samfunn endrar seg i rekordfart, og organisasjonar blir stadig oftare stilt framfor utfordringar som krev raske og målretta endringsprosessar. Mange av disse prosessane egnar seg godt til å gjennomførast som prosjekt, og mellom organisasjonsleiarar har det etter kvart blitt viktig å ha ei god forståing for prosjekt som arbeidsform. Uavhengig av korleis endringsprosess din organisasjon står framfor vil vi i evoSpor vera med på moroa. Heile vegen i frå prosjektidé til realisering av vinst.  

Vi vil at du skal lykkast, og vi vil engasjere oss for å hjelpa deg dit. Vår erfaring er at eit vellukka prosjekt alltid starter med ei felles forståing for godt definerte målsetjingar og handlingsrom. Gjennom god dialog med prosjektet sine interessentar kjem vi frem til den prosjektmodellen som vil fungera best for akkurat ditt prosjekt. Med utgongspunkt i godt tilpassa metodikk legg vi til rette for ein strukturert prosess, og sørge for trygg gjennomføring av alle fasar av prosjektet. For oss handlar god prosjektleiing om meir enn kompetanse, erfaring og gjennomføringsevne. Det handlar om engasjement og vinnarvilje. Vi tar alltid eigarskap til våre prosjekt, og vil alltid jobbe knallhardt for at vi skal lukkast. Saman.  

Vi vil hjelpe din organisasjon å sette spor.

 

 

Ulike typar prosjekt vi kan ta på oss:

Strategiske prosessar

Utviklingsprosjekt

Innovative prosjekt

Arrangementsavvikling

 
 
band4.jpg