Om evoSpor

Vi i evoSpor veit at det ikkje er det perfekte som set spor. Vi veit at det ofte må svi litt før ei endring kjem. Vi er opptatt av å bidra med kunnskap og erfaring for å setje gode spor, både for enkeltindivid og organisasjonar. Alle som jobbar i evoSpor har gått på trynet, kjent på nederlag, stått i krevjande utfordringar – og vokse på det. For å vera ein sporar må du ha stått litt i krigen.

Verdigrunnlag

Vår visjon er å lage spor – kvar dag. Visjonen vert støtta av verdiane «ekte», «raus» og “modig”
Forretningsideen til evoSpor er å bidra til utvikling med bevistgjering kring kunnskap, kompetanse og menneskelege ressursar.


Ekte

Med ekte meiner vi:

Å våge å vise kven du er

Ha integritet til å stå opp for deg sjølv og det du trur på

Vera ærleg i møte med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar

Syne varme og er venleg

 

Raus

Med raus meiner vi:

Å unne andre menneske suksess

Å kunne lytte til andre

Å vera raus med seg sjølv. Våge å feile, innrømme feil og vera takknemleg

 

Modig

Med modig meiner vi:

Våge å utfordre deg sjølv

Våg å leve livet ditt

Våg å feile